Norvar

Fag/prosjekter > Eksempler og... > Halve Sandne...  

Halve Sandnes får ny kloakk

10. mars 2009 av Gaute Sigmundsen, Kommunalteknikk i Sandnes kommune

Sandnes. Avløpspumpestasjon

Avløpssystemet i Sandnes kommune blir kraftig oppdatert i desse dagar. Den 1. juli skal 13 km ny avløpsleidning setjast i drift. Anlegget er dimensjonert for 40 000 personekvivalentar og har klar miljøstrategi: Ingen forureining av nærliggande vassdrag.

Gjennom Sandnes sentrum går det no eldre avløpsleidningar som overfører spillvatn både frå den sørlege delen av kommunen og strekket frå nabokommunen Gjesdal. - Kapasiteten på desse leidningane har sjølvsagt ei øvre grense, forklarer prosjektleiar Bjørn Oma i Kommunalteknikk. - Me har lenge vore klar over at tidspunktet for denne grensa nærma seg kvikt på grunn av mykje nybygging både i Gjesdal og Sandnes.

Prosjekt «Avløp vest»

- Derfor er «Avløp vest» blitt eit kjend omgrep i fagmiljøet, seier Oma. - Alt i 2000 begynte me å vurdera om det kunne vera mogleg å legga nye leidningar i den vestre delen av kommunen, utanom sentrum. Dette blei skikkeleg interessant då det blei aktuelt å bygga ny riksveg 44. Då kunne me legga leidningar i gang/sykkelvegen. Dette blei eit viktig punkt i samarbeidet med Vegvesenet om ny riksveg 44.
– «Avløp vest» er eit samleomgrep som omfattar fleire prosjekt. Desse gjeld både leidningar og pumpestasjonar, forklarar prosjektleiaren. Strekket går frå Bogafjell og andre område i sør, via Godsterminalen, langs den nye traséen for riksveg 44, mot vest ved Soma, via Bærheim til kommunegrensa mot Stavanger ved Forusbéen.
I desse dagar blir pumpestasjonar ferdigstilt, det males og monterast, leidningsnett kontrollerast. – Prøving av pumper tar til første juni og første juli er opningsdato for Avløp vest. Totalt 12 878 meter nye avløpsledingar i kommunen skal koplast saman med interkommunale leidningar på kommunegrensa mot Stavanger, orienterer Oma. Den siste av pumpestasjonane blir ikkje ferdig til opningsdatoen. Sjølv om han kjem sist, vil han bli den fyrste i systemet. Stasjonen blir bygd ferdig til ferien og ferdigstilt utpå hausten. Det vil bli brukt mellombelse løysningar til den siste stasjonen er i drift.
Utfordringa med vatn- og avløpsledingar er å få innhaldet til å renna den retninga som det skal. – Ja, i over sju av dei 13 kilometrane i «Avløp vest» renn ikkje spillvatnet av seg sjølve, fortel Thore Marton Sviland. Det må pumpast. Seks nye pumpestasjonar skal pumpa spillvatnet til saman omlag 110 meter oppover.

Rekordkontrakt

– Me har faktisk inngått den største avtalen i Noreg som gjeld utstyr for pumpestasjonar, seier kommunalteknisk sjef, Odd Arne Vagle. - 34 millionar kroner er ein stor sum, men så er det og avløp frå 40.000 personekvivalentar som maksimalt skal pumpast.
– Kvar pumpestasjon vil få tri pumper med svinghjul, forklarer pumpeansvarleg Thore Marton Sviland. - Det er slik for at me skal vera trygge på at ikkje transporten av spillvatn stoppar opp. Ei av pumpene vil alltid kvila. Vedlikehaldet blir og enkelt på den måten. - Pumper med svinghjul har me hatt i kommunen i over 20 år. Svinghjulet sørgjer for at pumper og leidningar ikkje blir øydelagde ved straumstans.
– Den største pumpa med svinghjul veg 2,8 tonn, når motoren er medrekna. Det er skikkelege dimensjonar over dette, seier Sviland. - Så skal og denne pumpa i Skjæveland pumpestasjon og dei to kollegane hennar, pumpa spillvatn 53 meter oppover mot sjølvfall. Det er svært nær det maksimale slike pumper kan klara. Frå denne stasjonen vil det vera 547 m3 spillvatn i full leidning, før vatnet renn av seg sjølv mot neste stasjon. Derfor har me god prosedyre for å hindra tilbakeslag, forsikrar Sviland.

Ingen forureining

Avløpssystemet ligg i området til seks ulike vassdrag. - Hovudmålsetninga er at ingen av vassdraga skal forureinast av avløp frå systemet, fortel Bjørn Oma. – Det er vel å ta for hardt i? – Det er eit ambisiøst mål, men me er nokså trygge på at dette skal gå bra. For å nå eit slik mål har me ingen overløp til vassdraga. Heile systemet vil bli overvaka frå ein driftssentral. Det er minimum to tryggleikssystem ved straumbrot eller nedstenging av stasjonane. Vidare har me detaljerte planar i alle ledd for alle hendingar me kan sjå for oss. 100 % garanti kan me sjølvsagt ikkje gje, sjølv om me er nær dette, meiner Oma bestemt.
– Helse-, Miljø og Tryggleik er svært viktig for arbeidet med «Avløp vest», fortel prosjektleiar Oma. -I alle dei prosjekta som det nye avløpssystemet inneheld, er HMT-planane (HMS på bokmål) omfattande og nøyaktige, både for kommune og entreprenør. - Det skal vera tydeleg i alle fasar kven som har ansvaret, seier han.
– Pumpestasjonane er og bygde slik at helse, miljø og tryggleiken for driftsoperatørane er godt teken vare på, fortel Thore Marton Sviland. - Det er gode skilje mellom skitne og reine soner. Der operatørane skal arbeida, vil det tilnærma vera luktfritt. Pumpene skal kunna repareras og vedlikehaldas utan å ha kontakt med spillvatnet.

Atle Oxaas i ABS Norge og kommunalteknisk sjef Odd Arne Vagle skriv under den største pumpekontrakten i Noreg noensinne

Prosjektleiar Bjørn Oma i Kommunalteknikk i diskusjon med pumpeansvarleg Thore Marton Sviland

Det er store dimensjonar på pumpene

Ingressbilde: Ein har forsøkt å legge pumpestasjonen inn i terrenget med eit mest mogleg naturtilpassa preg.

Alle foto: Sandnes kommune